helene

Den tapte barndommen link til pdf-fil

Podcast Adoptert episode 19: Hans Günther ble denne lille gutten kalt, født i 1950 i Tyskland. Sine første barndomsår vokste han opp med mor og storesøster.

Biletbokas by

Fontanestadt
mitt hus
mitt ly,
du biletbokas by.


Eit lite kny-ei verd stor,
kva veit eit barn om det;
om krig for fred
om fred for krig
om det som fylgjer med.

Eg var liten
du var stor,
staden den var
moder jord.

Alle oss
vart vi og dei,
så pensa dei
ein bane,
ut av lei.

For oss som barn
var hausten fin,
me dansa vilt
me song på rim.

Den kross ho bar
i bringa si,
vart tommel ned
for mora mi.


Dei la ut åte
i vårt rom,
ei mor med barn
ho fekk sin dom.

Ho sa det slik;
kva bryr vel dei,
dei høyrer ikkje på meg meir.
dei byggjer opp ein fiendleir,
det gjer meg mødd og mo.

Du vesle, vesle, vesle du,
her kan me ikkje saman bu,
ein augneblink er nok for den,
som held seg til ei liste;
der står det kva som skjer med dei
som ikkje let seg friste,
til heilag tru og svir med dei
som havnar i ei kiste.

Så skjedde det som skulle skje, me måtte berre flykte,
frå alt det vesle som var vårt,
til storbylarm og storbykår,
det måtte berre briste.

Ei morgonstund med gull i munn,
i sovesalen-fellesrom,
Marienfelde Flyktningleir,
vårt yankeedidl redningsreir.

Frå høganlei og ned til oss,
dala det eit brev,
der orda stod i sand;
Me vil så gjerne hjelpa dykk,
kvi rømde de vårt land på flukt,
de sveik oss mest med ufornuft,
de kryssa sperra grensegang.
de dømer dykk frå dette land;
til aldri meir få fred,
slik stempla dei vårt brev.

I aust og vest,
kom freden kald,
kva siger var no det?

Eg pussa mine
venger små,
eg budde mine framtidsår;
eg skulle kanskje fly.

Eg trur dei skjemde angra seg
då flagga hang på stong,
slik ærekjensla viser seg,
det gjer ho gong på gong.

For min del,
eg var barnemunn
i verda og på jord.
Dei lærte meg
om tru og liv,for liten og for stor.

Frå høgste hald
vart det bestemt;
at folket skulle sjå,
no var det oss Berlinerbarn,
som skulle ære få.

I vesterveg dei sende oss
til feiteferiland,
der skulle me gå hand i hand,
som barn, i engleland.

På Tempelhof stod fuglen klar
med stjernepynten på,
kvitt, kvitt, så var me langt av stad,
kor skulle dette gå.
For min del vart det Noregs land,
der trolla stakk sitt hovud fram,
eit liv,
langt i det blå.

I trolleland
hang sola høgt
og himmelen var grå,
men songane gjekk støtt i moll,
det plagar meg ennå.
Du kjære min, mitt store barn,
kvi reiste du så langt,
dei sulla meg,
så underleg,
i trollemor sitt land.

No vil eg hegna hausten inn,
og kjenna våren ny;
eg takkar deg mitt fødeland,
Fontanestadt, du biletbokas by.